Jordange

Du kjem frå åkren inn kvar
kveld ved solefall
mot tunet gjennom dagsens
siste eld.

Du set dei slitne hestar snøgt
på stall
og møter meg og helsar meg:
godkveld.
Du kjem og fangar meg med
brune hender
og seier meg så sæle, øre ord.
Eg legg meg trylt inntil deg.
Å, eg kjenner
midt i mi lykke kor du angar
jord!

Halldis Moren Vesaas, fra «Utvalgte dikt».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *