ARBEIDSLAUSE
Vi lærte
å ligge lenge
og gjere oss usynlege det meste av dagen
iallfall for dei som var i arbeid
Vi lærte
å snike oss til både varme og mat
som ingen sa vi ikkje hadde fortent
men som kom av andre sitt arbeid
Vi lærte
korleis det kjennest å vera utskot
og prøvde å trøyste ei sliten mor
med å hogge litt ved eller måke snø
Vi lærte
å gå på fylla utan pengar
og tåle den vanvørdnad vi møtte
Vi lærte
å synast synd på dei
som meinte at skulda for vår gjerandløyse var vår eiga
og at vi burde sjå skuldtyngde ut
for å gjera dei tilfredse
Vi lærte
at våre oppdemde krefter
skulle renne ut i sanden
at oss var det ikkje bruk for
Vi lærte
at vi trass alt var dei minst redde
for dei flittige
såg heller ikkje ut til å rekne med
nokon sjølvsagt plass
Frå Dei nødvendige av Arnljot Eggen