Møte i tenketanken 23. oktober 2013 kl. 19 i Kulturbanken, Stavanger – pressemelding

FN's tusenårsmål: avskaffe fattigdom innen 2015

I tenketanken Tenk Mer! nyttar me samtalen for å finna nye og oppsiktsvekkande løysingar på viktige samfunnsspørsmål. Temaet i haust er «Kordan avskaffa fattigdom?» og tar utgangspunkt i eitt av FN’s tusenårsmål – å utrydda ekstrem fattigdom og sult innan 2015. 23. oktober kl. 19 i Kulturbanken inviterer me menneske som er opptatt av korleis fattigdom påverkar samfunnet vårt. Mubarak Ali innleier med sine erfaringar frå arbeidet sitt i UNCHR og OSSE. Den som vil delta, treng ikkje forkunnskapar, men må forplikta seg til sakleg og faktabasert argumentasjon og å vera open for andres haldningar.

Mykje er oppnådd når det gjeld ekstrem fattigdom. FN og det internasjonale samfunnet har avverga svoltkatastrofer i dei siste tiåra og talet på dei som lever under ekstrem fattigdom er halvert. Men samstundes kunne me i forrige veke lese om den nye fattigdomen som brer seg i Europa. Den internasjonale Raude Krossen og Raude Halvmånen (ICRC) slår alarm og seier at Europa står framfor den styrste humanitære krisa etter 2. verdskrigen. Raude Krossen bistår med mat til 3,6 millionar menneske, ei auke på 1,5 mill på 3 år. 43 millionar har ikkje nok pengar til mat kvar dag. 26 millionar er arbeidslause i EU og i nokre land er 50% av dei unge utan arbeid. Landa i Europa er i ferd med å gi opp ein heil generasjon. Med fattige like utanfor vår eiga stovedør, og ein fattigdom som rammar folk som me til no har hatt mykje til felles med, treng ein nye løysingar.
Tenk mer! er open for alle interesserte og det er gratis å delta. Han er initiert av Folkeakademiet Rogaland og støtta av Folkeakademienes Landsforbund og Studieforbundet Næring og Samfunn. Diskusjonane frå tenketanken vil bli delte på nettstaden www.tenkmer.no og gjennom deltakarane sine ytringar i aviser og i sosiale media.
Aud Jorunn Haugen Hakestad
Styreleiar i Folkeakademiet Rogaland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *