Eg er Marta

Likevel er det slik i dag at kvinner gjer meir husarbeid enn menn. At huset er nokonlunde reint og ryddig og at maten står på bordet, er jo føresetnaden for at det skal gå an å kosa seg heime, eller kva?

Kva er det som gjer at ein heim er koseleg og fin å komma heim til? Kven er det som gjer heimen til ein plass der ein kan slappa av og få nye krefter?Kva slags heimar er slik? Når temaet denne gongen er kos og hygge, er det slike spørsmål eg startar med. Det er særleg spørsmålet kven, eg tenkjer på og det fører meg vidare til kvifor. Me er sjølvsagt påverka av samfunnet rundt oss og forteljingane som ligg som overbygging. Desse forteljingane får oss til å tenka og oppføra oss på ein viss måte. I min barndom var det forteljingane frå Bibelen som skulle vera vår leidetråd når det gjaldt kva me skulle tenka og korleis me skulle handla. Ei av desse forteljingane var om Maria og Marta (Luk 10, 38-42):

Mens de var på vandring, kom han inn i en landsby, og en kvinne ved navn Marta tok imot ham i sitt hus. Hun hadde en søster som hette Maria. Hun satte seg ved Jesu føtter og lyttet til hans ord. Men Marta var travelt opptatt med alt som skulle stelles i stand. Hun gikk da bort til dem og sa: Herre, bryr du deg ikke om at søsteren min har latt meg bli alene med å tjene deg? Si da til henne at hun skal hjelpe meg! Men Herren svarte og sa til henne: Marta, Marta! Du gjør deg strev og uro med mange ting. Men ett er nødvendig. Maria har valgt den gode del, som ikke skal bli tatt fra henne.

Jesus kritiserer Marta fordi ho har vald å stella for han og laga maten, medan Maria set seg ned ved hans føter for å lytta til kva han har å seia. Eg skjøna ikkje denne forteljinga og då eg var tenåring blei eg både rasande og fortvila over det paradoksale i historia. For den som har vakse opp med denne bibelske forteljinga, sit det eit ordtak igjen: Ver Maria, ikkje Marta! Likevel var me omgitt av vaksne kvinner som stelte til store treff i bedehus og kyrkjer – altså dyktige og driftige Marta-kvinner. Mor mi var ei av desse kvinnene som alltid sto på for andre. Dei tente fellesskapen utan å krevja takk. Det var eit naudsynt arbeid, men altså ikkje særleg ærefullt.

Men denne haldninga var ikkje berre i kyrkje og bedehus. I alle samanhengar møtte me diskrediteringa av dei driftige og arbeidssame kvinnene. Når me las i skuleboka at «Mor syr» og «Far les», blei ikkje det berre ei framstilling av kjønnsrollane då. Det låg òg eit tydeleg verdiskilje her. Mors arbeid var mindre verdt enn fars rekreasjon. Ja, så påverka var eg av dette, at eg i tenåra tenkte om mor at ho var annanrangs. Sjølv om far av og til skrytte av mor ved å seia «Du er Marta, du!» klarte me ikkje sjå at Marta sitt arbeid hadde verde. Dette stemte på merkeleg vis med det feministane sa på 70-talet: Kvinner som velgjer å arbeida heime, er mindre feminist enn dei som har arbeid utanfor heimen. Som tenåring protesterte eg valdsamt då det blei kravd at me skulle gjera husarbeid. Eg hadde alltid viktigare ting å gjera: Lesa og bli flink eller som oftast berre slappa av slik eg såg far og brødrene i huset slepte unna med. Dette har eg vore veldig flau over og lei meg for seinare. Eg vonar inderleg at eg som vaksen fekk fortald mor kor viktig ho var for oss, men eg er ikkje sikker på at eg var tydeleg nok.

Eg undrar meg framleis over dilemmaet. Men eg trur at det eg som ung kvinne reagerte så sterkt på, var at me kvinner sat igjen med berre to val: Anten var du eit driftig kvinnfolk og husmor som sørga for at alt i huset var på stell, eller så var du ei kvinne som var aktiv i arbeidsliv og samfunnsliv. Då eg sjølv fekk familie og barn, kom denne tronga til å skapa ein heim. Familien skulle ha god og sunn mat, huset skulle vera i orden til ei kvar tid og når familien var samla, skulle alt vera gjort klart slik at me kunne kosa oss. Kom det gjestar, blei ein så opptatt av vertinnerolla at det ikkje blei tid til dei gode samtalane. Og vipps – så var eg ei dobbelarbeidande kvinne som arbeidde alle døgnets vakne timar. Det blei slutt på Maria-syslar som lesing og skriving fordi timane og kreftene rett og slett ikkje strakk til. Så sjølv om eg eigenleg meinte at det ikkje berre var kvinna si oppgåve å laga kos og hygge i familien, tok eg gladeleg på meg denne oppgåva.

Men forstå meg rett. Eg meiner ikkje at kvinner skal tilbake til kjøkenbenken. Me har komme ein lang veg sidan då, og eg er framleis overtydd om at me bør dela arbeid og rekreasjon likt mellom mann og kvinne. Likevel er det slik i dag at kvinner gjer meir husarbeid enn menn. At huset er nokonlunde reint og ryddig og at maten står på bordet, er jo føresetnaden for at det skal gå an å kosa seg heime, eller kva?

Når eg står ovanfor slike dilemma, søker eg vel så ofte etter svar i kunsten og litteraturen, som i fagtekstar. Ei som snur alt på hovudet, og får ein til å tenka annleis om mykje, er forfattaren Margareth Atwood. I romanen En tjenerinnes beretning (A Handmaid’s Tale) har Marta-kvinnene ei viktig rolle. Men kva kan hygge i heimen ha med ein dystopisk roman å gjera? Kort fortald handlar romanen om eit USA i nær framtid. Etter eit militærkupp blir USA eit diktatur leia av menn. Dette dystopiske samfunnet har ei mytologisk overbygging som byggjer på ei ekstrem tolking av Bibelen og den kristne læra.

Kjernen i samfunnet blir familien der kvinnas einaste rolle blir å tjena mannen. Den vellukka familien blir dimed eit eksempel på den vellukka staten. Dei kvinnene som har synda i sitt tidlegare, frie liv, altså før militærkuppet, blir internerte og hjernevaska til dei blir handmaids – tjenerinner som skal bera fram kommandantanes barn. Nokre kvinner er gifte med kommandantane og dei får i oppgåve å vera til pynt og til glede for mannen. Marta-ane er utvalde for å tjena i hushaldet. Marta-ane, som ifølgje undertrykkingsmytologien skal vera usynlege og umerkbare og berre til teneste, blir paradoksalt nok dei som får høve til å leia kampen mot diktaturet. Margareth Atwood blir i eit intervju spurt om denne rolla Marta-kvinnene får i boka. Ho seier at det var viktig for henne å gi Martha oppreising. Christy Cobb og Bailey Freeburn tenker òg det same når dei skriv om Marta og Maria-forteljinga. Dei drøftar denne forteljinga i lys av TV-serien A Handmaid’s Tale og stiller mange av dei samme spørsmåla eg har undra meg over her. Og på utsegnet: Ver Maria, ikkje Marta!, svarar dei Eg velgjer Marta.

Vil du lesa/høyra meir?

https://www.latimes.com/entertainment/herocomplex/la-et-hc-margaret-atwood-feminism-handmaid-tale-20170424-htmlstory.html

A New View of Mary and Martha

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *