Dei fattige i verda har inga skuld i klimaproblema. Likevel er det dei som lir mest når ekstremvêret herjar, når temperaturen stig til over 50 grader C og havvatnet stig.
Vi er dei skuldige, sa Jan Egeland i sitt foredrag i Stavanger i går. Me står ovanfor ei etisk utfordring: Kan me forsvara å halda fram med våre karbonbaserte luksusliv?
Mange av dere har nok sett Ylvis-videoen der de framstiller Jan Egeland med «nice legs» og «constantly working for peace». Han er også en av mine helter på den politiske verdensarenaen. http://www.youtube.com/watch?v=Yn-oemgzlEU
Verda har gått framover, hevdar Egeland i foredraget sitt. Aldri før har det vore så få krigar. Og i krigane som tragisk nok er, er det færre som blir drept. Det er no fleire demokrati enn diktatur i verda. Det er færre fattige, og ein ny mellomklasse veks fram i Asia og Afrika. I FN’s «human development index 2010» er 135 land med og berre 3 land har gått tilbake i utvikling sidan 1970. Kina har 20 gonger meir velstand i høve til 1970.
Men avstanden mellom rik og fattig har auka eksplosivt. For hundre år sidan var dei rikaste i verda 3 til 5 gonger rikare enn dei fattigaste. Nå er dei 100 gonger rikare. Det er mykje av grunnane til folkevandringa frå fattige til rike land. Eller sagt det på ein riktigare måte: forsøk på folkevandring. Det kan i den samanhengen dokumenterast at 20 000 har døydd i forsøket på å komma til eit rikare land.
Folk flyktar frå eit vonlaust tilvære til ei von om ei betre framtid. Me må difor gi folk trua tilbake på at framtida kan bli betre der folk bur. Det er stadig fleire land der folk har ny tru på at framtida blir betre, men urettvisa over at dei rike er så uendeleg mykje rikare kan likevel føra til at folk prøver lukka andre stader i verda. Jan Egeland jamfører denne kjensla med nordmenn sitt tilhøve til Amerika i slutten av 1800-talet. Det var nettopp vonløysa i Noreg som førte til at dei emigrerte.
Kva kan me gjera?
Jan Egeland seier me må gi folk trua på ei framtid der dei er. Sidan verda stadig blir betre, tenkjer han at det meir enn før er mogleg å hjelpa dei relativt få som er igjen i fattigdom.
Han avslutta foredraget sitt med å snakka om Syria, der flyktningestraumen vil nå 3,5 mill mennesker innan året er slutt. Noreg har tatt imot 712 flyktningar.
Korleis skal me argumentera for at Libanon, Jordan og andre naboland skal halda grensene opne? Noreg har tatt i mot 712 flyktningar og vil i fylgje den nye regjeringa ta imot 500 til. Libanon har allereie tatt imot 1 million.
Dette innlegget er meir inntrykk enn referat, men eg vonar det inspirerer deg til å delta i den offentlege samtalen om fattigdom, mellom anna i tenketanken Tenk mer! På eigne vegne vil eg oppmoda til å arbeida for ein annan flyktningepolitikk som gjer at me kan ta imot fleire, men argumentasjonen for det, må eg ta opp seinare ein gong.
Skrevet av Aud Jorunn Hakestad Haugen