Kverulanten treng medspelarar, ikkje motspelarar

Den grunnleggjande drivkrafta bak eit politisk engasjement er ønsket om endring. Me leitar etter nye løysingar når gamle metodar ikkje lenger fungerer. Det fører ho som ønsker endring, i stadig konflikt mot det beståande. Kverulanten er eit slikt engasjert politisk menneske, men ofte ein fri foggel. Ho ser seg ikkje nøygd med eit vedtatt partiprogram. Når noko endeleg er avgjort, er kverulanten på veg mot nye mål. Desse framstormande tankane får no ein talarstol på Kåkå Kverulantkatedralen. Men er det ein talarstol kverulanten treng mest? Nei, tenkjer eg. Det er nemlig noko mindre flatterande som kjenneteiknar kverulanten, og det er hennar manglande evne til å lytta. Å høyra på den veltalande kverulanten vil vera god underhaldning, men blir det endring av det?

Kort veg til personangrep

Det er medspelarar kverulanten treng, ikkje motspelarar. I tillegg treng ho ei anna form enn debattforma, som nå rår i det offentlege rommet. I debattane me ser på TV og på politiske møter, er ingen interesserte i å lytta. Medan ein snakkar, tenkjer dei andre debattantane på kva dei skal seia når det blir deira tur. Målet er ikkje å komma fram til noko, men å knusa argumenta til motstandaren. Då er vegen kort til personangrep, latterleggjering og bruk av forvridde fakta. Debatten blir eit spel som me etter kvart ser tvers gjennom, og me vanlege folk forlet dette rommet.

Men det som òg er konsekvensen, er at politikarane sjølve forlet dette debatt-spelet. I staden skaper dei seg det lukka rommet der dei kan samtala og gå i djupna i sakene. Døme på slike rom er tenketankane Agenda og Civita. Dei har kun inviterte medlemmer og bestemmer sjølve når tankar og idéar er mogne for det offentlege. Med tanke på debattklimaet i det offentlege rommet er det lett å forstå kvifor slike tenketankar blir stifta. Det kjem mykje interessant ut frå Civita, til dømes. Men avarten av slike løynde samtalar ser me når ‘rådgjevarar’ og politikarar sit fortrulege saman og tenkjer løysingar som gagnar ein betalande 3dje-part, heller enn folket. Den lukka samtalen kan slik komma i galt spor og vera på tvers av folkemeininga.

Han er uavhengig og fri

Den offentlege samtalen er motvekta til dette. Han er uavhengig og fri og stiller makta til veggs når urett skjer. Initiativtakarane til KåKå ønsker ei gjenoppliving av samtalen og det er det som er mest gledeleg og spanande. Men me har ein veg å gå før me veit korleis me legg til rette for den gode samtalen. Visse kriterier er likevel kjende, men underkjent i debattkulturen: Deltakarane må vera opne for og ha respekt for andre sine meiningar. Dei må evna å setja seg i den andre sin situasjon.  Dei må òg setja seg inn i sakene og bidra inn i samtalen med faktabaserte argument. Dei må tala på vegne av seg sjølve, ikkje sitera frå ferdigprenta partiprogram.

Auka interesse

Når tenketanken Tenk mer! i haust set fokus på oljefattigdom, skal det skje gjennom å prøva ut desse kriteria og nærma seg den gode samtalen. Me reknar det som eit viktig bidrag for å auka interessa hos folk for å samtala om viktige samfunnsspørsmål. Denne forma stiller andre krav til paneldeltakarane enn ein politisk debatt gjer, men publikum vil og bli utfordra gjennom ei slik tilnærming.

Aud Jorunn Haugen Hakestad, Styreleiar i Folkeakademiet Rogaland og initiativtakar til Tenk mer!

Debattinnlegget sto på trykk i Stavanger Aftenblad 22.9.2014

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *