Kort veg til personangrep
Det er medspelarar kverulanten treng, ikkje motspelarar. I tillegg treng ho ei anna form enn debattforma, som nå rår i det offentlege rommet. I debattane me ser på TV og på politiske møter, er ingen interesserte i å lytta. Medan ein snakkar, tenkjer dei andre debattantane på kva dei skal seia når det blir deira tur. Målet er ikkje å komma fram til noko, men å knusa argumenta til motstandaren. Då er vegen kort til personangrep, latterleggjering og bruk av forvridde fakta. Debatten blir eit spel som me etter kvart ser tvers gjennom, og me vanlege folk forlet dette rommet.
Men det som òg er konsekvensen, er at politikarane sjølve forlet dette debatt-spelet. I staden skaper dei seg det lukka rommet der dei kan samtala og gå i djupna i sakene. Døme på slike rom er tenketankane Agenda og Civita. Dei har kun inviterte medlemmer og bestemmer sjølve når tankar og idéar er mogne for det offentlege. Med tanke på debattklimaet i det offentlege rommet er det lett å forstå kvifor slike tenketankar blir stifta. Det kjem mykje interessant ut frå Civita, til dømes. Men avarten av slike løynde samtalar ser me når ‘rådgjevarar’ og politikarar sit fortrulege saman og tenkjer løysingar som gagnar ein betalande 3dje-part, heller enn folket. Den lukka samtalen kan slik komma i galt spor og vera på tvers av folkemeininga.
Han er uavhengig og fri
Den offentlege samtalen er motvekta til dette. Han er uavhengig og fri og stiller makta til veggs når urett skjer. Initiativtakarane til KåKå ønsker ei gjenoppliving av samtalen og det er det som er mest gledeleg og spanande. Men me har ein veg å gå før me veit korleis me legg til rette for den gode samtalen. Visse kriterier er likevel kjende, men underkjent i debattkulturen: Deltakarane må vera opne for og ha respekt for andre sine meiningar. Dei må evna å setja seg i den andre sin situasjon. Dei må òg setja seg inn i sakene og bidra inn i samtalen med faktabaserte argument. Dei må tala på vegne av seg sjølve, ikkje sitera frå ferdigprenta partiprogram.
Auka interesse
Når tenketanken Tenk mer! i haust set fokus på oljefattigdom, skal det skje gjennom å prøva ut desse kriteria og nærma seg den gode samtalen. Me reknar det som eit viktig bidrag for å auka interessa hos folk for å samtala om viktige samfunnsspørsmål. Denne forma stiller andre krav til paneldeltakarane enn ein politisk debatt gjer, men publikum vil og bli utfordra gjennom ei slik tilnærming.
Aud Jorunn Haugen Hakestad, Styreleiar i Folkeakademiet Rogaland og initiativtakar til Tenk mer!
Debattinnlegget sto på trykk i Stavanger Aftenblad 22.9.2014