The Windhover av Gerald Manley Hopkins

Common kestrel in flight


Eg såg i morges morgonens yndling

dagrikets dauphin, det doggvåte, dråpetunge, falken i si flukt.

Frå lufta under han, eit stødig løft, oppover fauk han. Høgt, høgt! Kretsande om vingas taumar.
I eiga glede! Så, opp, opp, i ein ny boge. Som ein skøytehél skeinande i svingen, slyngande, seilande.

Ny kraft i ny vind! Hjartet mitt krympar seg. Uroa av ein fugl! For ein våghals! For ein meister!

Dyrisk, deilig! Vilt, vakkert og modig. Luft med fjærkledd prakt. Stram inn! OG elden som flammar opp frå deg då, er tusentals vakrare, men farleg, min riddar.

Ikkje eit under, for slik strev foran plogen får fòrene til å skinna, og det skin blåsvart av kol i grua, slik, min kjære, fell hovmod, når elden gløder gull-raudt.

Gjendikta av Aud Jorunn Hakestad

dauphin: arving, prins

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *